30.11.2011 - Knerten til Innvik
Figuren er skapt av Anne Cath. Vestly, og er i vinden grunna fleire suksessrike kinofilmar. Denne kolleksjonen frå Skogstad vil innehalde alt frå undertøy og sokkar, til parkdressar, jakker etc. Den fulle kolleksjonen med Knerten vil være i butikkane hausten 2013. Det er berre å gle seg!
25.08.2011 - Nye Skogstad-butikkar!
* Skogstad Konseptbutikk i Kanebogen, Harstad opnar 1. september
* Skogstad Konseptbutikk i MX-Sport Stjørdal opnar 7. september
* Skogstad Konseptbutikk i MX-Sport Alsgården, Bodø opnar 9. september
* Skogstad Konseptbutikk i Intersport Evje skal etter planen opne 21. september
25.08.2011 - Skogstad har fått nye nettsider
På skogstadsport.no vil du finne bilete og informasjon frå vår siste kolleksjon, aktuelle saker om Skogstad og mykje anna i tida framover. Saman med vår populære Facebook-side, som du finner via denne linken, vil nettsidene vere vårt digitale treffpunkt for deg som vil vite meir om Skogstad. Følg med!
15.08.2011 - Frå bokmål til nynorsk
– Vi er stolte av alt vi gjer. Røtene våre og historia vår er viktig. Og ikkje noko er meir naturleg for oss enn nynorsk, seier sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal.
For verksemda med base i Innvik i Stryn, er nynorsk ein integrert del av identiteten. I dette distriktet er nynorsk dominerande målform.
– Vi er ikkje skjemde av at det er der vi kjem frå. Det er eit kvalitetsstempel, seier Nesdal.
Den første publikasjonen der nynorsk er teken i bruk, er den nye katalogen med haust- og vinterkolleksjon frå Skogstad.
– Vi har ikkje fått negative reaksjonar. Dei som har oppdaga dette har gitt god tilbakemelding og er einige i vala vi gjer, seier Nesdal.
14.08.2011 - Bilete av den nye kolleksjonen
Dei fleste plagga er no òg tilgjengeleg på nett. Viss du klikkar ’Kolleksjon’ i toppen av sida, finn du oppdaterte bilete av alle plagga i kolleksjonen. Vil du sjå heile kolleksjonen, kan du laste ned den nye katalogen vår i menyvalget i toppen av sida.
Hugs at du på desse sidene kan finne din nærmaste butikk som fører Skogstad-klede, viss du vil sjekke om plagget du er interessert i er tilgjengeleg for deg.
05.08.2011 - Skogstad samarbeider med Oktan
Oktan er eit fullservice byrå som leverer dei fleste tenestene Skogstad treng for å nå sine ambisjonar for dei neste åra. – Vi er svært stolte over at Skogstad ønskjer å samarbeide med oss. Dette er ein drøymekunde for oss – ei verksemd med stolte tradisjonar og produkt av høg kvalitet. Skogstad som merkevare har eit stor framtid, seier Frode Aadland, byråleiar i Oktan.
29.06.2011 - Utvida opningstider i sommer
Mandag-fredag: 09.00-18.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 12.00-16.00
Velkommen til ein triveleg handel!


